![]() |
Ny heim for Familien BokenfohrOppgåva: Mark har funnet seg sin Linda. Linda kjem av ei herleg familie i Åsane. Her skal den nye familien Bokenfohr bu. Dei tek over eit ledig hus med familieverdi. Med dette som utgangspunkt får arkitekt oppgåva med å skape den nye heimen. Det gamle og det nye huset spelar saman, og blir til “Bokenfort”. |

Opphavet på tomta er fundamentet til ei gammal hytte, og eit pyramideforma nyhus frå 80-talet. Akkurat litt eldre enn reguleringsplana. I første omgang var planen å rive alt det gamle, for å starte det nye på blanke ark. På den andre sida hadde huset affeksjonsverdi, og kunne vere utgangspunkt for ei spanande transformasjon.
Nybygget er utforma som ei fløy ut mot den frie skråninga, og saman kringset dei eit privat tun framfor pyramiden. Eit opphøgd platå i lé, og med utsyn over fjorden. Tunet er som senteret og utgangspunktet i romprogrammet. Ved å skape utomhusareal og hus i samme program blir uteplassen navet i familiekvardagen, og ikkje bare eit restareal rundt eit midtpunkt.




