
Bustadhus i Transylvania
Arkitekturtevling om samtidig bustadarkitektur i Nordre Transylvania.
Oppgåva: Ny bustadarkitektur tufta på tradisjonell byggjeskikk. Dette er vårt svar på ei arkitektkonkurranse i regi av lokaladministrasjonen i Maramures. Ei region i Nordre Transylvania.
Foruten humpedissa på taket, så er huset til geitemor i Rock’n Roll Wolf eit typisk karikatur for dei tradisjonelle husa i området. Korleis gjer ein dette om til noko for oss i samtida?
Til å svare på oppgåva er det satt opp eit program tufta på eit tenkt scenario. Ei familie returnerer til Maramures frå eit lengre opphald i vestre Europa: Dei kjem heim med nye forventningar til korleis eit hus skal vere, og det skal vi imøtekome. Vår handsaming følgjer den lokale byggjeskikken si rettningsliner, men me tilføre eit samtidig tvist, for å oppnå eit resultat utan kompromis for deira komfort.
For eit norsk publikum (les: Bjørgvin) så var huset til geitemor i den russisk-rumenske musikalen Mama frå 1976, også kjend som Rock’n Roll Wolf, den beste assosiasjonen til lokal arkitektur i Maramures. Mest karakteristiske trekka for oss er det store halmtaket som krager ut over svalgangen, og korleis opplevinga starter med den overbygde porten i gjerdet.
